fredag, juni 23, 2017

Dagbok 2017: 23.juni. Jonsokaftan.


Klokka er 18.30, temperaturen er + 14 grader C, det er regn og skodde. Nokså vanleg jonsokvêr på desse kantar. No er det mange år sidan vi feira jonsok, så det gjer ikkje oss så mykje .Elles har eg ei kjensle av at mange held seg heime og grillar denne kvelden.
Eg hugsar jonsokfeiringa på Eid i min barndom og ungdom. Det var stor stas, med to store bål, eitt for barna tidleg på kvelden, eit for dei vaksne seinare. Jonsokbrudepar  med hest og kjerre, boder der ein kunne kjøpe rømmegraut, brus og is m.m. Og så vart det laga danseplatting mellom bjørketrea i Malakoff. Siste gongen er var der var i 1963. Eg var i lag med Anne Marie systera til Nils.
Nils var på Island og fiska sild. Eg var høggravid, Solveig vart fødd 3.juli.Deltok ikkje i plattingdansen det året.
Her i Ørsta vart eg kjend med ein annan skikk, nemleg "pinsebrising" (bål). Lensmann Rise som budde i nabohuset nokre år lærte meg at pinse-brisingen skulle loge, men jonsok-brisingen skulle ryke. Eg skulle ønske eg kunne brenne ein rykande jonsokbrising i hagen, for eg har fem sekker med eføy ståande.
I dag vart det gjort lite og ingenting før middag, eg sat og strikka litt, og så laga eg middag. Vi vart lens for melk, så det vart til at Nils køyrde ned til Kiwi, så eg fekk gå inn og hamstre melk og mjøl.Eg skulle vere med Margrete på handel seinare, men fekk unna dei tyngste tinga.
Etter middag slappa vi av litt og så etter kvart kom Margrete og drakk kaffi i lag med oss, før ho og eg handla på Rema 1000.
Ho hadde vore på plantasjen og kom med ein fin blomst til oss også, så det står ikkje på.
Nils har vore i ganske god form i dag også, så vi har det bra. Ingen i familien har fødselsdag i dag, men i morgon fyller Einar år, og då er det berre Solveig att, så er vi ferdig med rushet. Apropos så fekk er over 2000 kr att på skatten. Plar ikkje få så store summar, for eg har nokså fast inntekt.

Ingen kommentarer: