fredag, juni 30, 2017

Dagbok 2017: 30.juni

Klokka er 19.10, og gradestokken han krope ned til + 24 grader C. Kor høg max-tempen har vore i dag, veit eg ikkje, men det var i alle fall +26 ein gong eg såg .Det var nokså skya, men varmt, først på dagen, så eg fann fort ut at eg hadde kledd meg for godt då Marit og eg for nedover klokka 10.30. Eg hadde ærend på apoteket, og så var vi på Spar og handla mat. Eg passa på å handle rikeleg med melk og ein del brus. Lette ting kan eg kjøpe på Kiwi.
Nils hadde tatt seg ein tur rundt huset og i hagen mens eg var vekke, noko eg likte berre sånn passeleg. Han hadde sjekka kompostkverna og trur han skal få den i gang igjen. Han har vore som vanleg i dag også, litt sløv før middag, og i bra form etter kvart. Eg sa at i dag fekk han gjere litt for fellesskapet og seie kva vi skulle ha til middag. Det enda med at eg kjøpte frosen Findus fiskegrateng. Då var det berre å sette den i steikomnen og raspe gulrøter til. La meg seie det slik: gratengen var fullt ut eteleg, men eg lagar den vesentleg betre sjølv. Nils er heldigvis ikkje kresen.
Etter middag låg eg ein times tid på altanen og sola meg. Sov mesteparten av tida. Eg blir verken solbrent eller uvel av å ligge i sola. Nils låg ute litt seinare på dag, mens eg vaska bad og kjøkken. Støvsuge får eg gjere når det skyar over, noko som etter vêrmeldinga skal skje alt i morgon. Klokka 20.00 kjem den siste HBO-en for i dag, og då blir det kveldsmat etterpå.
Rasmus og fam. reiser til Tyrkia i morgon, har ein idé om at der er veldig varmt.
Eg klipte plenar i går, og som vanleg gjer eg litt for mykje av det, særleg ovafor garasjen er det nokså snauklipt, for ikkje å seie skamklipt. Men når regnet kjem i morgon gror det vel til att. Bildet er tatt rett før eg skreiv. Må ha litt godvêrsbilde å sjå tilbake på når det blir regn og grått igjen. Sidan det er fredag igjen, nyttar eg høvet til å ønske alle ei god helg. 


Ingen kommentarer: