lørdag, juli 01, 2017

Dagbok 2017: 1.juli


Klokka er 18.15, temperaturen er + 13 grader og ute er det regn og skodde.
Eg har i fleire timar drive og krangla med meg sjølv om kor vidt eg skal ut og trimme eller berre gi meg til ro med strikketøyet. Eg har enno ikkje bestemt meg.
I vinter/vår, då Nils stort sett var på sjukehuset eller Ørstaheimen, gjekk eg ut kvar dag, same korleis vêret var, og følte at det gjorde godt-no er eg meir pysete. Eg må ha noko å GÅ ETTER, og i dag treng eg ikkje noko på butikken heller. Får sjå kva det kan bli til.
I dag vakna eg tidleg og stod like godt opp med det samme. HBO-en kom før ho skulle, så det var i grunnen bra. Vi fekk ein flygande start på dagen.
Eg hadde diverse eg skulle gjere og Nils fann ut at han ville dusje og barbere seg, eit sikkert teikn på at forma er bra. Han fekk på seg ei av dei nye bomulls-Tskjortene eg kjøpte i går, dei er meir behagelege enn dei syntetiske når han har sveitte-tendensar.
I dag venta vi Einar til middag klokka 13.00, så eg sette i gang med førebuingane rett etter at morgonstellet og frokosten var over.
Eg laga dobbel porsjon med kjøttkaker, for det veit eg Einar likar godt. (Og så har vi ein middag til på lur i frysaren).
Einar skulle springe rundt Rotevatnet i dag også, og etterpå skulle han til Sogndal og skrive om fotballkampen som tek til i 20-tida. Derfor hadde han ikkje tid til å fare heim til Hareid først.
Håkon stilte også opp i løpet, han tok førsteplassen, mens Einar vart ein god nr.2. 
Når Einar seier at han skal komme klokka 13, så kjem han klokka 13, så i dag hadde vi tidleg middag. Vi åt godt alle tre og eg er mett enno. Har litt dårleg samvit med tanke på kaloriane, men det har eg alltid.
Då Einar hadde reist og eg hadde rydda opp, sette eg meg i stolen med lydbok og sovna. Det er ein vane eg har fått, men når eg søv litt på dagtid held eg meg vaken når eg skal sjå TV om kvelden.
No har Nils vore heime i to månader, og det er meir enn vi torde å håpe på den dagen han kom heim. Sjølv om han stort sett sit i ein stol, så er det så mykje betre å ha han heime enn slik det var når han var på sjukehus og sjukeheim. Viss vi får ha det slik framover er vi vel fornøgde. Han får eit "kikk" om morgonen når han får alle tablettane, men etter klokka 13.00 ca.er han i bra form.
I dag reiste Rasmus og fam. til Tyrkia, og i morgon reiser Solveig og Øystein til Shetland. Margrete, Amanda og Erlend skulle på eit "spel" ut i Herøy i dag. Audun er komen heim på sommarferie og  kjem hit ein tur i morgon, den 10.juli kjem Ingeborg heim. Det er litt av eit puslespel å halde orden på.
Sjølve er vi bundne til Starevegen, men det er heilt greitt.

PS: kl.20.00: No kom eg nettopp att frå ein times tur-rundt Storebakken, inn i Fonna og ut Olavsgata. Det var opplett, men ikkje fritt for knott.
Lite vatn i bade-kulpen i Skytjåa



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...