torsdag, juli 23, 2009

Feriebesøk

Eg har vore lite på bloggen siste dagane; Rasmus med fam.er på besøk, så då har eg litt anna å styre med. I går var også Margrete her med dei tre yngste, eldstejenta er på Dana Cup. De kan no lese om det på Margrete sin blogg.På bildet er dei fire yngste barnebarna samla+ Eirik. I morgon skal heile gjengen til Hareid og besøke Solveig. Akkurat no er eg heime åleine, dei andre er ute og fiskar. Eller vi får vel heller kalle det båttur. Farfaren vil no at sønesønene skal få oppleve litt salt sjø, sjølv om dei er busette i innlandet.

2 kommentarer:

Elin sa...

Så koseleg med feriebesøk! Eg er i Spjelkavik og besøker gamle vener, og i dag har eg teke svart belte i shopping på Moa....!

solveig sa...

Lappetausa har ståande invitasjon!

Dagbok 2025: 12.desember

  Blir det grøn jul i år? Temperaturen ute er +9 graderC og det regnar. Ja, det er ikkje meg imot, sjølv om det er no finare med kvit jul.me...