søndag, juli 12, 2009

I Wallanders fotspor.

På veg til Simrishamn. Nils er så glad i vindmøller fordi dei lagar rein energi. Det er mange som meiner dei øydelegg naturen. Vi er samde om at der er mykje som skjemmer miljøet meir, kjøpesenter til dømes.
Hamneområde er sjeldan særleg vakre, heller ikkje hamna i Simrishamn.

Når vegen er slik som her, utan mange "lommar", kan ein ikkje springe ut og ta bilde heile tida, så derfor blir det å fotografere gjennom frontruta. Legg merke til den stilege trerekka. Slike var det mange av.


Dei fleste har vel no fått med seg at eg ville til Ystad på grunn av Makells romanperson Kurt Wallander. Det er mange som reiser dit på grunn av han, derfor kjem eg med alle desse reisetipsa.No kjem siste kapittel, som handlar om bilturen vi tok etter at vi var installerte på hotellet. Veret var vakkert, lettskya, sol og vind. Og Skåne var på sitt vakraste, trur eg, utan eit fjell å sjå, men med åkrar i alle nyansar av grønt og gult ispedd fargen av raude valmuar, blå kornblomster og lavendel. Simrishamn stod der på eit skilt, og det namnet var kjent, så dit drog vi. Det var litt lengre enn forventa, men vi angra ikkje. Hamna var no ein ting, all den vakre naturen var eit kapittel for seg.Skulle tatt fleire og betre bilde, men de får heller reise dit og sjå.Landskapet er om lag som Fyn i Danmark. Etter at vi hadde vore i Simrishamn, tok vi vegen om Tommelilla "heim" att.
Dette vart mykje skriveriar om ein liten tur,men de får unnskylde meg med at vi er heller lite ute og reiser.

4 kommentarer:

Elin sa...

Det høyrest flott ut med alle dei vakre blomane i den flotte naturen. Kjekt å kome seg ut om dørene litt, det blir ikkje så mykje av det her i garden, men får vi eit pensjonistliv, så kan det vel hende vi blir meir i farta vi og!
Ha ein fortsatt fin sommar!

Besta sa...

Ja, eg har no ikkje vore for mykje ut om dørene siste åra, så eg er lykkelig og glad over at eg greidde denne turen såpass godt. Eg er veldig glad i bilturar, den som ikkje køyrer får sjå mykje, verre med sjåføren!
Eg fekk til og med sjå storken!

Hildegard sa...

Artig å lese om turen dykkar. Eg er enig med deg i at det er viktig å ha gode sengar og sleppe å gå ut på do om natta, er derfor skeptisk til campinghytter. Dei gode hyttene er ofte store og dyre, kan like godt bu på hotell då.
Kjekt at det gjekk så bra med dykk.
Eidabesta

Bjørg sa...

Eg ser at de har hatt ein kjekk tur. Når du skriv om Simrishamn, minnest eg i gamle dagar då vi var på campingtur i lag med svigermor og svigerfar, med campingvogn og combicamp. Vi låg i Simrishamn, og der laga sv.mor raspaball på campingkjøkenet.