fredag, juli 03, 2009

Bok nr.43:Skråninga


Dette er debut-boka til forfattaren, og den andre boka hans eg les i løpet av kort tid.Om de les det som står på omslaget, får de vite kva den handlar om. Eg vil berre legge til litt om mitt inntrykk av denne romanen.
Vi møter eg-personen på ein psykiatrisk klinikk, der han har fått i oppgåve å skrive ned forteljinga om sitt eige liv.Sidan han alltid har likt å skrive, gjer han det. Han fortel om barndom og ungdom, om foreldre og fosterforeldre, eit liv som slett ikkje har vore nokon dans på roser.Han fortel ikkje kronologisk,men etter assosiasjonsmetoden, etter samme u-system som tankane våre ofte går. Det blir som eit puslespel, men etter kvart kjem bitane på plass. Akkurat denne forteljemåten gir forteljinga ein ekstra energi. Han kjem tilbake til samme hendingane fleire gonger, og spenninga ligg i å få vite kva som "eigentleg" skjedde.
No er eg verken psykolog eller psykiatiker, men eg synest forteljinga verkar truverdig, og eg spør meg sjølv om kor mykje eit menneske kan tole før det "bikkar over".Eg skal ikkje røpe meir av handlinga, berre seie at eg tykte boka var gripande og vel verd å lese. Dessutan har den gitt meg mykje å tenkje på. Men det er inga solskinnshistorie!
Det einaste eg har å innvende mot boka er at opplesaren ikkje burde vere austlending.Nynorsk blir best lese av vestlendingar ev. trønderar. (Sidan forfattaren er trønder). Eg tykte denne boka var betre enn den førre boka eg las av Tiller ,Innsirkling, som eg har skrive om før.

3 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Eg var begynt å bli litt utslitt av å vere så mykje ute i varmen, at det var godt å sitte inne litt på syrommet igjen med opa verandadør! I morgon reiser fire av oss til Danmark. Det blir fint med ein tur ut av landet. Vi har leigt hus frå måndag til fredag, og så får vi sjå kva vi gjer etterpå. De får ha ein fin tur til Sverige. Vi får håpe på godt ver!

Besta sa...

Du har rett i at ein vert slitne av å vere ute i varmen, eg må ha meg nokre stunder inne eg også, til tross for at eg toler sola godt.Saknar å få vere ved sjøen slike dagar. Med så få soldagar som vi har her, må vi nytte dei vi har så godt vi kan.God tur til Danmark.

Anonym sa...

Har lest litteratur lista di for å få inspirasjon til ferie-lektyre. Har vore på Kreta mange gongar og etter å ha lest Øya vert det nok ein tur dit neste gong. Kan anbefale Havets katedral viss du ikkje har lest den. Helsing eks-kollega med leselyst

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...