søndag, juli 12, 2009

Vel heime frå Sverige-turen.

Utsikt frå hotellvinduet mot badelandet. Campingplassen ligg bak badet mot venstre på bildet.Berre ein kort spasertur dit.
No er Nils og eg heime i Starevegen, Solveig og fam.på Hareid og Rasmus på Kongsberg. Margrete &Co ligg på camping i Lillehammer. Grunnen til at Nils og eg såpass fort vende nasen heimover,var det ufyselige regnveret som ramma oss i går. Og når vi først var så hækne at vi kjøpte billeg kjøt og flesk på grensa, var det berre å ta beinvegen heim.Utan å ha avtala noko som helst,møtte vi Solveig og fam. ved Mjøsbrua; vi kom ca 1 min.før dei.
Eg skal skrive meir frå turen og sette inn bilde,her er berre reiseruta:
Måndag: Ørsta-Ørebro, via Kongsvinger,ca 12 timars køyring, så det var drygt. Vegane i Sverige er godt merkte, så vi fann fram til Gustavsvik utan problem.

Tysdag: Vi var i Ørebro i lag med dei hine, men vi budde på hotellet Ibis, som er ein hotellkjede som ligg i tilknyting til såkalla badeland.
(Det likna mest av alt på ei brakke av turkis bølgeblikkplater- utanpå. Innvendig var det heilt greitt.)
Onsdag:Vi reiste frå Ørebro ca kl.12. og køyrde på vestsida av Vætteren til Jønkøping, der vi tok inn på hotellet John Bauer midt i byen.Veret var ganske fint.
Torsdag: Vi køyrde frå Jønkøping om morgonen og kom til Ystad på ettermiddagen.Såg oss omkring, før vi fekk oss rom på Ystad saltsjøbad like utanfor byen.
Fredag: Vi reiste frå Ystad mot Malmø, vidare E 6 oppover og landa til slutt på hotell i Uddevalla.
Laurdag: Vi køyrde frå Uddevalla om morgonen, stoppa og handla litt i Svinesund.Stoppa også på Lillehammer og åt pizza på Peppes, det er tradisjon

2 kommentarer:

Elin sa...

Det var litt av ein ferietur med mykje bilkøyring! Tenkjer det er godt å vere heime igjen!
Ystad er vel Wallander-land, er det ikkje? Ser føre meg landskapet der ut frå bøkene.

Besta sa...

Det kjem meir om Ystad seinare, det var jo den byen som var det eigentlege målet for turen, etter Ørebro.Og byen var vel verdt eit besøk! Vi prøvde å leite opp alle stadane som ofte er nemnt i bøkene.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...