torsdag, august 27, 2009

Bok nr.56: Hjemkomsten

Denne forfattaren har visst ein plan om å skrive "den gløymde historia", og første boka hennar om dei spedalske på Øya, var verkeleg ei heilt ukjend historie for meg.
Denne boka handlar for ein stor del om den spanske borgarkrigen. Den har eg sjølvsagt høyrt om før, men her blir historia fortalt på ein heilt annan måte enn det vi les i skulebøker. Vi får høyre om vanlege folk og særleg lagnaden til dei som stod imot Franco og diktaturet hans.
Boka er enkel og lettfattelig; ikkje ein gong dei spanske namna byr på problem i lydboka. Ein kan, om ein vil, seie at boka er litt sentimental og at her er for mange tilfeldige og lykkelige samantreff osv. Men ein kan vel unne seg ei slik bok av og til? Det enkle er ofte det beste.
Tross den enkle forma som boka har,har den i alle fall lært meg litt meir om den spanske borgarkrigen, og tida før og etter.
Konklusjon: Inga stor litterær oppleving, men ei interessant og fengslande historie.
Eg måtte undervegs tenkje tilbake på gymnastida og ein historielærar som begynte nesten alle timar med det retoriske spørsmålet: "Hva lærer vi av historien?"- Og så svarte han sjølv:" Vi lærer av historien at vi ingen ting lærer av historien!"
Les denne boka! Den er etter mi og Elin si meining betre enn Øya.

Det er lurt å lese om boka og forfattaren før du les boka.
Du kan lese om boka
her

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg har kjøpt den på originalspråket og er noko usikker på om eg har tatt meg vatn over hovudet. Men med tida til hjelp....

Besta sa...

Biblioteksjefen fortalde at Marta Nordheim (min yndlingskritikar) hadde slakta boka fullstendig.
Sjølv eg ser at den som litteratur er nokså elendig, men historia fenger. Om lag samme meining hadde eg om Øya.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...