tirsdag, august 04, 2009

Bok nr.49:Lille Petter edderkopp.


Denne boka har Solveig blogga om før, så eg skal vere kort.
AnneB.Ragde er ein forfattar som skriv underhaldande og lettfattelig. Litt FOR lett etter min smak, det blir mykje "pjatt". Og så er eg berre passelig begeistra for "krim"-romanar der ein heile tida veit kven morderen er.
Før har eg skrive at eg meiner god krim skal vere fokusert og ikkje vandre på alle sidevegar som finst (også kalla digresjonar)-men det gjer altså denne boka.Her er sleivespark i aust og vest, og filosofering om alderdom og død +mykje anna.
Googla den så vidt, og fann ordet "kosekrim"-noko som eg synest høver godt på denne boka.Greitt nok å lese på solsenga,med andre ord.Men slett ikkje alle er samde; somme rosar boka opp i skyene.

3 kommentarer:

solveig sa...

Eg kalla den visst lettlesen og underhaldande. Nokon stor litteratur er det ikkje, men...

arieldog sa...

Nei, det er ikkje blant Ragdes beste. Eg syntest den psykologiseringa vart hakket for banal...

Besta sa...

Eg lurer ofte på om dei som skriv såkalla psykologiske thrillerar i det heile har peiling på psykologi.Kan ein dikte sin eigen psykologi, med andre ord? Boka var i grunnen ganske dårlig!Men Ragde kan kunsten å "underhalde".Det skal ho ha.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...