søndag, august 02, 2009

Min båt er så liten........






Den båten vi har no, har vi hatt i 2 1/2 år, utan at eg har sett min fot i den. I dag var det litt tungt ver, men mildt og godt, og stilt på sjøen.Då eg las på bloggen at Solveig og fam. hadde vore på tur på Eika, foreslo eg at vi kunne ta båten RUNDT Eika. For dei som ikkje er kjende her, kan eg fortelje at Eika er den øya der tunnelen kjem opp frå havet og går over Eiksundbrua.

Sjølvsagt hadde eg fotoapparatet med og skulle ta bilde av heile turen, men før vi kom til ytste spissen, var det slutt på batteriet.Vi tok like godt og svinga rundt Yksnøya også på innoverturen, og så slengde Nils ut snøret og drog opp nokre makrellar som vi skal ha til middag i morgon.Det var ein fin tur.

Dei som vil sjå koleis det ser ut inne på øya,kan gå inn på Solveig sin blogg.

3 kommentarer:

solveig sa...

Inntil heilt nyleg var det berre sjøveg til Eika!

Hildegard sa...

Gratulerer med "jomfruturen", blir sikkert fleire når du først har fått smaken på det.
Eidabesta

Besta sa...

Det er ikkje lysta det står på-men evna til å sitte i båten.Hadde med meg puta frå hjelpemiddelsentralen; det hjelpte LITT. Men eg kjem nok til å prøve det igjen.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...