søndag, august 23, 2009

Bok nr.55: Steinhuggeren


Eg har lese alle Camilla Læckberg sine bøker, med unntak av ULYKKESFUGLEN. Det gjer at eg er blitt "kjend med" hovudpersonane, noko som gjer det mykje enklare når ein les lydbøker.
Alle bøkene er så vidt eg kan forstå skrive etter samme oppskrift; Forfattaren tek oss med inn i dei ymse heimane og let oss få innblikk i det som skjer, alt frå amming og oppvask til meir suspekte ting. I løpet av denne evige rundgangen får vi litt etter litt oppklart brotsverket, som har røter langt tilbake i tid.Bøkene er svært lettlesne og enkle å fordøye, så det er ikkje rart at denne forfattaren er blitt populær.
I den boka eg no har lese, er det ein god del (kvasi)psykologi som skal forklare det som skjer. Vi får også innføring i ADHD og særlig Ashbergers syndrom. Her er svært mykje fokus på tilhøvet mellom foreldre og barn og ein dash barneporno.Når det vert så mykje psykologi i bøkene, lurer eg alltid på om dei som skriv kan nok om dette emnet til å skrive som dei gjer.
Det eg ikkje likar med Læckberg sine bøker, er språket.Her er så altfor mange ord! Ord som ikkje treng å vere der. Eg skal ta eit døme,og siterer etter hukommelsen: "Mobilen ringte og Patrick visste at han måtte svare. Han kjørte ut til siden, fant en avkjørsel der han kunne stoppe. Da kunne han svare i telefonen uten å gjøre noe ulovlig". Hurra! Og slik er det heile vegen, kvar minste ting skal med!
Oppklaringa får vi etter kvart som fortellinga skrid fram, og for sikkerheits skuld med teskei, lenge etter at ein har forstått samanhengen. Det er i og for seg ikkje så rart i og med at vi har ein allvitande og alle stads nærverande forteljar i boka.Men politiet er ikkje så velinformert som vi.
Tross alt dette som eg ikkje likar, er det noko som driv ein ein til å lese vidare til ein er ferdig med 13 CD-ar på relativt kort tid. Og for sikkerheits skuld sluttar boka med ein "cliffhanger", slik at vi er klar for neste.
Viss ein vil lese desse bøkene, er det lurt å lese dei i rette rekkefølge,men eg veit ikkje om lista mi er den rette, så det må de finne ut av.
Konklusjon: Lett og god underhaldning.

4 kommentarer:

solveig sa...

Eg har ikkje lese nokon av desse, og kunne tenkt meg å lese dei i rekkefølge innimellom tyngre stoff. Den eg les no, er av lettleste typen.

Hildegard sa...

Eg held på med "Isprinsessen" og oppdaga at eg har sett filmatiseringa på TV, men ok å lese boka likevel.
Kanskje ho skriv så detaljert fordi alle bøkene hennar visst nok er filma. Sikkert lite arbeid å skrive film-manuset då?!
Eidabesta

Besta sa...

Eg hadde liksom ei kjensle av å ha sett Isprinsessen-og no vart det bekrefta.Når ho held fram med å skrive i samme stilen, er det vel fordi folk likar bøkene. Og så lenge ho skriv om samme folka også, kan ho vel ikkje skifte stil? Bøkene høver godt som lyttebøker!

Elin sa...

Eg held på med Isprinsessen no! Fekk ho i gåve som digibok på sjukehuset. Eg er veldig begeistra, av same årsak som deg. Eg har ikkje lese eller sett noko av denne forfattaren før.

Dagbok 2024:8.november

  Klokka er no 15.40, temperaturen ute er + 10 grader , sola har vore framme nesten heile dagen, men no held ho på og gå ned i vest. Det har...