søndag, august 16, 2009

Bok nr.54: Skaperens kart.


Denne boka er ei blanding av fakta og fiksjon, der faktadelen for ein stor del dominerer.
Hendinga er lagt til Roma under den spanske borgarkrigen og andre verdskrigen.Her er fakta om historie, arkitektur, politikk og mykje meir. Ei svært interessant bok, men ikkje ei bok å slappe av med i tydinga "kople ut" ,for her må ein henge med i svingane! Eg må innrømme at det vart ein del tilbakespolingar for mitt vedkomande.
Det mest interessante med boka, etter mitt syn, var at her var ei heilt ny, og for meg ukjend, vinkling på 2. verdenskrig, sidan personane i boka,og forteljaren, er eksil-spanierar som held til i Roma.
For alle Roma/Vatikan-fans og alle historieinteresserte må denne boka vere eit blinkskudd!

Ein god omtale av denne romanen finn du her.
PS: For at de ikkje skal tru at eg berre ligg på sofaen og sløvar og les bøker, kan eg opplyse at eg har rensa og sylta mangfoldige kilo plommer med bok på øyra. Blant anna.

3 kommentarer:

solveig sa...

Noko for meg altså!

Besta sa...

Ja, og kanskje Øystein?
Han er vel enda betre "bevandra" både i Roma og historia.

Karin sa...

Det er ikke så mange bloggere som har lest denne boken, fint å se at andre også likte den:-)

Dagbok 2024: 7.november

Klokka er no 17.37, og det er bekmørt ute, Temperaturen på trappa er + 10 grader C, og vi har hatt ei  strålande solskinnsdag. I dag kunne M...