lørdag, september 23, 2023

Dagbok 2023: 23. september

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er + 12 grader og det regnar, tidlegare i dag var det opplett og nokså fint, det var i alle fall opplett og ikkje kaldt.

I dag hadde eg bestemt meg for å vere litt effektiv. Etter at eg var ferdig med morgonstellet etc. køyrde eg til Volda og fekk kjøpt det garnet eg mangla så no kan eg strikke igjen. På heimvegen stoppa eg i Furene, der eg kjøpte litt blomster på Plantasjen og diverse mat på Coop. Det var så tomt i vinduskarmane mine ; om sommaren bryr eg meg ikkje så mykje om potteplantar, for då har eg blomster ute, det har eg no også, men eg er ikkje så mykje ute no som på sommarstid.


Eg kjøpte denne potterosa og to små rosa ildtoppar til vinduskarmen. Før kjøpte eg som regel ein orkide når eg var der borte, men no er dei blitt så dyre.

På COOP kjøpte eg berre litt matvarer.

Då eg kom heim skifta eg til Hoka-sko og gjekk på Vernet. Eg sat på ein benk då ei dame kom forbi og begynte å prate. Det er heilt vanleg å prate med folk ein ikkje kjenner der oppe. Men så kom det fram at ho kjende meg, for dottera hennar hadde budd i kjellar-leilegheita her i mange år. Då ho sa kven ho var, så hugsa eg dottera, ho budde her i lag med mannen mens ho utdanna seg til sjukepleiar i Molde. Eg har no snakka med denne mora før, men eg er veldig dårleg til å kjenne att folk. Det har eg alltid vore, men så lenge eg hadde Nils med meg så gjorde det ingen ting for han kjende att alle.


Til middag i dag laga eg ein av livrettane mine, grønnsaksalat med Apetina ost.
På Coop sel dei osten som Salatost, og då blir den litt billegare enn andre stader.

Eg mødest litt med PC-en i dag, eg får ikkje til å redigere bilda, så alt ser litt rart ut.
No har eg sete lenge og sett TV og strikka, har sett og høyrt frå Rockheim mellom anna.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...