fredag, september 22, 2023

Dagbok 2023: 22.september


 Klokka er no 17.40, temperaturen ute er +15 grader C, det er skya, men sola har også vore framme i dag.

Fredag er hus-vaskedagen min, og i dag har eg både vaska og støvsuga og litt av kvart anna. Det er godt å ha dagar då eg ikkje skal ut på noko, slik at eg kan ha god tid til andre føremål. Eg kan ikkje skunde meg slik som før, men jobbar i pensjo-fart.

Middag har eg ikkje laga i dag, men eg tok meg litt mat før eg dusja, vaska håret og gjekk tur. Trefte ingen eg kjende i dag, men kosa meg åleine med å sitte litt på kvar benk. Det er godt så lenge vi slepp snø og kulde, eg må innrømme at eg kvider litt på vinteren.

Eg har tenkt kvar dag at eg skulle køyre til Volda og kjøpe garn, og på Plantasjen for å kjøpe blomster. Eg skulle kanskje kjøpt litt bensin også, for det kan hende eg må slå ein gong eller to til. Eg kan ta ein tur i morgon før middag viss eg vaknar tidleg nok. Det er mindre trafikk tidleg på dag.

Eg takka ja til å få KLASSEKAMPEN gratis nokre dagar, og i dag fekk eg både torsdagsavisa og fredagsavisa. Mykje interessant stoff, og mykje god nynorsk, men eg greier no ikkje å lese ei heil avis kvar dag. I dag har eg lese om Erna og Sindre og deira problem. Eg kan berre ikkje forstå at det er så frykteleg gale det han gjorde, han tente no ikkje så veldig mykje på det heller. Eg sat  og høyrde intervjuet med Erna på TV også. At ho er blitt lurt av sin eigen mann er no det verste i den saka. Synest eg. No er det snart tid for å sette på TV-en, eg får sjå om eg finn litt garn som eg kan strikke lester av.

Elles vil eg ønske alle ei veldig god helg!  

Eg får nok ikkje varmepumpa mi enno, men no er alt klart til å ta imot. Helge har vore her og ordna ut . Men eg frys ikkje for eg har både vedomn og el-omn.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...