lørdag, september 16, 2023

Dagbok 2023: 16..september


 Klokka er no 17.23, temperaturen ute er ca 10 grader C og det har regna mykje i dag, no ser det ut til at det lettar litt. Bildet over tok eg akkurat no. Alt dette regnet som vi har fått, mest om natta, gjer at plenane er veldig grøne og fine. Men eg har ikkje fått klipt på ei stund på grunn av regnet.

Sist natt sov eg veldig godt og stod ikkje opp før klokka var nesten 9. Etter frokosten sette eg meg til å strikke mens eg venta på at Helge skulle komme og ta vekk batteriladaren.  Etter at bilen var frigjort tok eg ein runde på Vernet.Eg var ikkje klar over kor mykje det regna. så eg tok ikkje på meg regnjakke. Så då eg kom heim att, måtte eg skifte om til ein tørr genser før eg tok ut bilen og køyrde ned til KIWI og handla. I dag kunne eg handle så mykje eg ville utan å tenke på at det skulle berast heim. Eg er veldig glad for at eg har bilen og at eg framleis har lov å køyre den. Eg har "venninner" som er 90 år og framleis har sertifikat, så eg må berre håpe på at eg får ha helsa ei stund til. Ingrid tok laust om lag på same tid. Det er kjekt å ha kjentfolk i kjellaren.

Då eg kom heim laga eg meg god middag, eg har ikkje laga skikkeleg middag heile veka , så det var på tide. I dag vart det grilla kyllinglår med ris og Mango Chutney+ grønnsaker. Kyllinglåra kjøper er ferdig grilla, eg tiner dei og varmar dei på steikepanna, så det er veldig lettvint. Det er fort gjort å lage slike middagar, det  tek den tida som trengst for å koke risen.Det er ikkje det at eg har dårleg tid, men å bruke mange timar på å lage mat berre til meg sjølv det gjer eg berre ikkje.

Etter middagen sette eg meg inn i godstolen og såg program om svenskekongen, men då sovna eg ei lita stund. Det er typisk for meg å sovne når eg blir mett. No har eg rydda kjøkkenet etc. Eg fyrer med sjølvlaga ved frå hus og hage og har det varmt og godt, men vi må vel snart få sett inn ny varmepumpe.

No skal eg koke meg litt meir kaffi og så blir det strikketøy og TV resten av kvelden.

Epletreet mitt er altfor stort, trur det må sagast kraftig ned. Før brukte eg av og til å lage jus av epla, og det var godt, men så vart jus-pressa øydelagd og eg gav meg på det.Siste åra  har epla gått i  komposten, for når dei blir liggande på marka blir dei fort mat for sniglar og andre kryp. I dag er det vel bryllaup i Polen, eg gler meg til Marit kjem heim så eg får høyre koleis DET var.

I dag fyller kusina mi, Ellen Marie, 85 år. Ho feirer dagen i Kristiansand hos sonen, (Einar) Petter. Gratulerer med dagen Ellen Marie !

Det var mykje vatn i Vikelva i dag. Vi er heldige i Norge som har så mykje godt drikkevatn, det tenkjer eg ofte på.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...