onsdag, oktober 31, 2018

Dagbok 2018: 31.oktober

Klokka er 19.00. Temperaturen er + 5 grader og det regnar. Eg trudde ikkje det kom meir nedbør i år, men vi har visst ikkje fått kvoten enno. Eg er litt sur på denne hausten, heile greia regna vekk, ingen av planane mine vart fullført osb. Høyrde i radioen i dag at vi må belage oss på slikt vêr i tida framover; lange tider med sol og tørke, tilsvarande bolkar med  mykje regn osb. Skal tru om vi får kulde også? 
I dag har eg fyrt i omnen for sola har ikkje vore framme. No i kveld har eg sløkt utelyset , sidan eg ikkje vil ha besøk av ungar. Eg har ingen ting imot at ungane kler seg ut og leikar Halloween  - eigentleg, men sidan eg aldri har snop i hus, blir det litt flaut å stå der tomhendt. Dei får sikkert nok uansett.
Eg skal innrømme at eg blir litt tiltakslaus i haustmørke og regn. Dagane vart også så korte etter at vi miste sommartida.
I dag skreiv eg eit lite avisinnlegg før eg gjorde diverse husarbeid. Marit og eg fór på handletur klokka 13. Vi var først bort i Furene, på El-kjøp; Marit kjøpte kaffikanne, eg kjøpte kaffi. 
Så var vi på Hageland, ærendet mitt var å kjøpe blomster og fuglematar. Det var greitt, kjøpte fuglemat også, peanøtter, etter råd frå ei som anbefalte det. Eg har hengt opp "mataren",den heng ikkje der eg vil ha den, men i farten måtte eg bruke ein "gammal" spikar. Saka er at fuglematen bør henge under tak, men ikkje slik at "mataren" slår bort i vindua om det kjem ei rosse. Og så kjøpte eg ein orkidé til meg sjølv. Så langt var alt greitt. 
Men den butikken i dag! JUL!  JUL !   JUL ! Juletre, lys, nissar kuler og anna pynt-mykje av pynten i "stilig" grått og brunt! 
Og så var der ein masse figurar som likna gammaldagse soldatar med raude jakker. Forsto liksom ikkje kven dei representerte. Dei var no verken englar eller nissar. Den eine var i full menneskestorleik. Der var eit heilt rom fullt med kunstige juletre med lys. Det var for så vidt fint.
Etterpå var vi på AMFI sidan både Marit og eg hadde ærend på apoteket og på Bunnpris.
Det er kjekt å ha Marit tilbake, så kjem eg meg ut i verda utan å gå. Sjølvsagt kan eg gå til Vik viss eg vil, men kan ikkje kjøpe med meg så mykje då. Og så er det litt kjekt for begge to å ha selskap.
I morgon ventar eg Margrete og gutane, så då skal eg lage mat. Elles blir det veldig lettvint når eg er åleine-i dag vart det to grillpølser + brød. Heilt OK for meg. Etter at eg hadde ete og fyrt godt i omnen vart det ein aldri så liten høneblund.  
Har ein tendens å skrive blogg akkurat på denne tida, og då går eg glipp av nyheitene. Spennande om Hareide blir raud eller blå- eller kanskje gul? 
I dag er det 59 år sidan Nils og eg ringforlova oss på Øygarden i Solheimsdalen.Rart kor tida går.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...