Klokka er 18.10, temperaturmålaren ute står på + 20 grader C, men det var litt vind, så det var ikkje så varmt. Det var ein del sol før middag, men så skya det over, men det har vore opplett i heile dag.
Eg gjorde litt husarbeid på føremiddagen, før eg gjorde meg klar til å fare i gravferd. Vi var på plass i god tid før klokka 13.
Det var ei fin stund i kyrkja. Presten var Isene, som eg kjende frå Kilsfjord kyrkje. Børre Lødemel song to songar til eige gitar - akkompagnement: " Eg ser" av Bjørn Eidsvåg, og "God morgen min kjære" av Benny Borg. Anne heldt ei nydeleg tale til/om faren sin og sonen hennar, Nikolai, heldt også ei fin tale til bestefaren. Han heldt tale også då farfaren døde for eit par år sidan.Nikolai er 11 år no, ein fantastisk gut. Alle tre sønene til Nedreberg var der sjølvsagt, det var berre Ole eg snakka med av dei. Det er jo han eg har kjent best sidan eg hadde han som elev i fleire år.
Vi slapp regn på gravplassen i dag. Odd fekk grava si rett nedanfor Nils si grav.
Etterpå var det minnesamver i Frikyrkjekjellaren. Det var mykje familie og slekt som møtte fram, i tillegg til oss naboane i Starevegen som fylte eit heilt bord. Vi hadde no ei koseleg stund, som alltid når vi kjem i lag. Etter kvart har det dessverre blitt mange gravferder. Det har vel med alder å gjere. Vi er komne forbi både konfirmasjonar og bryllaup, for å seie det slik.
Eg var så dum at eg slo av mobilen min, og hugsa ikkje koden-så det blei tre bom og ut med han! Så vil de ha tak i meg, bruk heimenummeret: 700 66 849.
I morgon reiser Marit til Spania og blir borte to veker, det blir eit sakn for meg, men eg skal "straffe" henne med å ta meg litt ekstra av LOLLO - katten hennar.
Ønsker alle ei god helg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar