torsdag, oktober 18, 2018

Dagbok 2018: 18.oktober

Klokka er 19.35, temperaturen ute er + 8 grader C og det regnar. Det er visstnok byge-vêr men bygene kjem tett. På føremiddagen hadde eg tenkt å få gjort litt ute, men så snart eg var godt i gang, kom regnet. Litt fekk eg gjort, rydda litt, saga litt og rydda litt rundt dørene. 
Fekk fylt opp bossdunken i dag med det eg gløymde sist så no er den breddfull. Så fann er fram dei raude boksane og fekk fylt den eine. Det stod i avisa at det var henting laurdag- og eg trudde det var førstkomande, men så er det neste. Typisk meg -datoane bit eg meg ikkje merke i. 
Men det var bra det ikkje var førstkomande for då skal eg på konsert i lag med Margrete. Det er Ervingen blandakor som skal ha Beatleskonsert og det gler eg meg til. For det første er eg Beatles-fan, for det andre kjenner eg mange i koret. Det skal vere to konsertar etter kvarandre, vi skal på den første som tek til kl. 17.00. Margrete har kjøpt billettar.
I dag blei det ein nokså lat dag for meg - eg kunne alltids funne på noko å gjere inne, men eg ville vere ute ! Dermed sette eg meg til å strikke, og har strikka meir enn ein halv lest (stor) mens eg har høyrt lydbok. 
Fekk melding frå Solveig om at ho kjem innover i morgon såpass eg får handle litt stort. Eg sa at viss det høvde slik, kunne ho komme rett etter skulen, så skulle ho få middag med meg. Det ville ho, for Øystein er på reisefot igjen, Stockholm denne gongen.
Eg fekk ikkje særleg problem etter å ha gått til Vik og opp att i går. Kneet var ikkje verre enn vanleg, men eg hadde litt problem med venstre hofta  tidleg på dag.
Men eg ville ha meg ein tur ned på Kiwi for å få litt mosjon og frisk luft. Eg gjekk heimanfrå klokka 19.00. Hadde kledd meg godt, med svart bukse, svarte gummistøvlar og svart regnjakke. Det slo meg at eg var nærmast kamuflert, men gadd ikkje å fare heim etter refleks. Eg blir ofte så irritert over at klede ikkje kan vere utstyrt med ei eller anna form for refleks frå fabrikken si side. 
Eg har refleksbrikker i fleng og slike som ein slenger rundt armen, og sist vinter då eg var mykje ute og gjekk i mørke kveldar, hadde eg på meg både det eine og det andre. Eg veit ikkje om andre opplever det samme, men når eg kjem heim er refleksen som regel borte vekk. Særleg regnklede burde vere litt sjølvlysande. Eg løyste problemet med å gå i "grøfta"- og var trygt heime klokka 19.30. Det er fort gjort å gå på nærbutikken.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...