tirsdag, oktober 23, 2018

Dagbok 2018: 23.oktober

Klokka er 17.00, temperaturen er + 4 grader C, og det har regna, hagla nærmast sludda innimellom i heile dag. Eit lite augeblikk var sola framme, og eg sprang etter kamera. Viss de dobbeltklikkar på bildet vil de sjå dropane som heng på ledningen, som perler på ei snor. Dessverre fekk eg også sjå sanninga om vindua som eg pussa både ute og inne for ikkje lenge sidan. Her må det nok ein reprise til. 
Sidan leigebuaren ikkje er komen heim att, er det ingen som fyrer nede, det gjer at her er golvkalt så eg må fyre desto meir+ ha på varmepumpa. Eg er glad i varme, og når eg bur åleine kan eg ha det så varmt eg vil.
I dag skulle eg på styremøte, eg veit ikkje om det var derfor eg vakna så tidleg, men eg tvinga meg sjølv til å ligge til klokka 8.
Før eg åt frokost tok eg oska ut or omnen og fyrte opp, eg stiller ned varmepumpa om natta. Etter frokost strikka eg ferdig ein lest og felte av før eg gjekk nedover. Eg hadde tilbod om skyss, men valde å gå. Eg merka tydeleg at det er ein fordel med regnkåpe framfor jakke, for eg var temmeleg våt frå knea og ned då eg kom fram. Møtet gjekk fort og greitt, og Eli køyrde meg heim att. Då begynte det å sludde eller hagle eller kva det var. Men eg er heilt utan gikt i dag, så no kjem det godvêr, berre vent og sjå.
Sidan eg kom heim har eg ete "middag", rippa bok, festa trådar og rydda i garasjen. Har sett på eit par maskiner med klesvask også. Med andre ord har eg ikkje gjort nokon stor innsats. Jau, forresten, eg skreiv referat frå møtet. Neste møte i pensjonistlaget kjem til å bli heilt fantastisk, så det er berre å bu seg. Møtet er den 7.november.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...