Klokka er 22.10, temperaturen ute er + 14grader og i dag har det vore overskya.
Det har ikkje skjedd så mykje i dag. Vi var ein liten tur nedover før middag, vi var på biblioteket og på Amfi. Vi var innom Gjenbruk og tok mål av ørten bilderammer, men ingen av dei passa til bilda våre. det enda med at eg kjøpte ei grøn glasskål til 30 kr for ikkje å gå ut heilt tomhendt.
Til middag i dag koka eg risengrynsgraut, og så hadde vi litt spekemat.
Etter middag måtte Nils bort på terminalen for å fiske ! Eg vart liggande på sofaen og lese bok.
No i kveld har eg lese ut boka mi, og så har eg rippa dei to krimbøkene eg lånte på biblio i dag.
Og så har vi sjølvsagt sett "Skal vi danse". Det blir mange timar framfor TV-en framover, men eg har programmet på serieopptak. Kjekt å sjå programmet utan reklamepausar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025: 12.desember
Blir det grøn jul i år? Temperaturen ute er +9 graderC og det regnar. Ja, det er ikkje meg imot, sjølv om det er no finare med kvit jul.me...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar