torsdag, november 18, 2010

Vermelding 18.november 2010

 
Klokka er 14.00, temperaturen er minus 3 grader og sola skin. Ho har rett nok vore borte ei god stund, men no kjem ho att i Osskaret. Nils og eg har vore på Amfi i dag. Eg kika på 1000 lekre kjolar som sikkert ikkje passa meg, og Nils er lite interessert, så eg kom heim utan noko nytt.
No skal vi ete middag. I dag blir det Taco med grove Tortillas og mykje salat, så det blir nesten sunt.
Huset på bildet er det som dei bygger rett her ute i Storebakken. Mandag var der brønnborarar og bora etter vatn til vatn-boren varme.Det er sjeldan det blir bygt murhus her, men dette er bygt av ferdigisolert Lecca.
Posted by Picasa

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 12.januar

  Klokka er no 18.15, temperaturen ute er + 1grad, og så vidt eg veit har det vore opplett i dag. Solveig hadde sagt at ho og Øystein kom in...