lørdag, november 20, 2010

Vermelding 20.november 2010

Klokka er no15.14. Temperaturen er minus 5 grader C og veret  er like fint som det har vore siste tida.  Eg synest kuldegradene er kaldare i november enn elles i året, men hadde det vore mildt, hadde det vore regn og mørkt, så her er det snakk om pest eller kolera.
Føremiddagen har vi brukt til å gå i butikkar, blant anna på jakt etter bursdagspresang til ein 7-åring. Så enda vi opp på reumatiker-basar på Samfunnshuset, der det mellom anna var musikk av Halkjelsvika spelemannslag, der Harald spelar bassgitar. Vi kjøpte oss kaffi og kake og årar, så det var nesten som i gamle dagar. Eg forkynte for heile bordet at eg aldri vann noko som helst, og så var eg den einaste ved det bordet som vann.Lys og serviettar med englemotiv høver no godt for årstida. Trefte mange kjende som eg sjeldan ser, og det var også kjekt.
Fekk tips med ei veninne om ein butikk som eg ikkje hadde kome på og DER fann vi det vi skulle ha.
Til slutt var vi innom nærbutikken og kjøpte oss nokre karbonadar som vi steikte og la på skiva då vi kom heim, for då hadde vi ikkje "tid" å lage middag.
Eg er frisk att av forkjølinga, men Nils hostar framleis og har vondt i brystet og øyrene.
PS: Eg har oppdatert Messenger, så no går det an å snakke med kvarandre gjennom laptoppen, samtidig med at ein ser bilde av kvarandre. Fristar ikkje meg så mykje, det er meste Nils som brukar denne funksjonen.Tenkte kanskje at nokon av ungane ville like det.

4 kommentarer:

solveig sa...

Fin gevinst! Synest pappa burde blitt frisk snart!

Besta sa...

Ja,det burde han sikkert, men han har ikkje feber, så han er vel ikkje direkte sjuk. Han kjem nok til å ta seg ein tur til legen snart,så då får han kanskje peniscillin.

Hildegard sa...

Kjedeleg med slike langvarige sykjer. Kan vere lurt å få avklart om det er virus- eller bakterie-inf.

Besta sa...

Han har no ikkje vore sjuk meir enn halvanna veke, men skal i alle fall ta prøver i morgon. Rutinemessig sjekking.

Dagbok 2024: 27.april

 Klokka er no 23.30, temperaturen ute er + 4 grader C. Det har vore ein fin dag med sol og varme, så det gjer ikkje noko om det blir litt ka...