Klokka har passert 20.00. Ute har det så vidt begynt å regne litt, men heile dagen har vore mild og fin, med lette skyer.
Før middag fekk eg eit anfall av energi, så då pusssa eg litt kopar og messing, reinska litt ugras og så plukka vi rips som vi skal safte når det lid på hausten.
Margrete og dei tre yngste har vore her i dag og ete middag med oss. Amanda har meldt seg på tre ballettparti i år, men to av timane er på mandag, så det blir med to turar til Ørsta kvar veke.
Dagane går som ein røyk og vi nyt den siste delen av sommaren. Godt å sleppe å begynne på jobb etter ferien.
Ønsker alle barn og foreldre lykke til i det nye skuleåret!
Vebjørn begynner på skulen i år, elles held dei andre fram på same skule/ studium som i fjor.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar