Klokka går mot 20.00, og Nils har funne ein fotballkamp på TV.
Ute er himmelen dekt av skyer, og skodda sig stadig lenger ned. Litt regn har vi også, og temperaturen er + 10 grader. Det er med andre ord slikt vêr som vi er vande med.
Prosjektet som vi jobba med i går, blei ikkje heilt ferdig i dag heller, derfor kjem det ikkje bilde.
Det vart liksom ein sånn dagen derpå i dag, ikkje minst fordi veret endra seg.
I dag laga eg klar middagen tidlig på dag, så var vi ein tur til Vik, på biblioteket blant anna. Måtte ned og klage på lydboka eg lånte i går, der plate nr.5 ikkje virka. Dei tilbaud seg å skaffe MP3-varianten frå Volda bibliotek. Dei er så kjekke og hjelpsomme på biblio her at det er ei fryd. Tenk kor heldige vi er som kan låne så mange bøker og filmar vi berre vil, og det er GRATIS.
Det vart ikkje gjort så mykje f.m. for då vi kom heim åt vi, og så slappa vi av, sov litt og las litt.
Så kom arbeidslysta over meg og eg gikk ut for å jobbe i hagen. Men det var ikkje mykje moro så eg gikk inn igjen og støvsuga og vaska til helga i staden. Så er det gjort!
Eg blir av og til provosert når eg les på FB om alle som klatrar opp på høge fjell, går lange turar, trenar fleire gonger i veka etc. Kanskje eg provoserer andre når eg skriv om det eg gjer? Gjer husarbeid, steller i hagen, lagar fiskemat, les bøker etc.? Men vi er ulike og har ulike føresetnader (?)(forutsetningar) og ulike interesser. Ikkje er vi nøydde til å GJERE så mykje heile tida , heller, vi som er pensjonistar. Det er lov å vere litt LAT.(Note to self).
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 5,oktober
Klokka er blitt halv seks på ettermiddagen og eg forstår ikkje kvar tida har gått, eg har stort sett site i ein stol framfor TV-en og strik...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
3 kommentarer:
Alle må no få gjere som dei lystar i fritid/pensjonisttid! Håkon går i Tafjordfjella denne veka og lever under enkle forhold, så eg unner dei fint ver ...
Viss ein nokon gong skal vere fri til å gjere det ein har lyst til, må det vere i pensjonisttida! Ingen strekkjer heilt til på alle område, og vi har alle våre ømme tær.
Det har hendt at eg blir beskyldt for å "skryte" f.eks.- viss eg har vaska ned eit rom e.l. Når eg eigentlig berre er glad for å ha greidd det.
Slik er det kanskje for dei som går på fjellet også. Men det "provoserer" dei som ikkje greier å gå ein tur ein gong.
Legg inn en kommentar