lørdag, august 25, 2012

Veimelding. 25.august. - 2012.


Klokka er ca halv åtte og ute styrtregnar det, etter at det har vore opplett og ganske fint før i dag. Temperaturen er + 13 grader.
I dag hadde vi ein veldig koselig og sosial føremiddag. Vi tok ein tur på Amfi, mest for å treffe folk, og det skal eg seie vi gjorde. Mykje kjentfolk på byen i dag.Vi gikk oss på den tidlegare sjefen til Nils, og kona hans. Dei bur mykje av året i Spania, og hadde lyst å prate, så vi sat i kaféen ved rulletrappa aldri så lenge. Bjørg og Hans K. var der også, dei reiser tilbake til Larvik i morgon, så det var kjekt å treffe dei før dei fer sørover igjen. Trefte også mange gode venner frå pensjonistlaget og det er alltid hyggelig. Vi handla litt mat  før vi for heim.
Vel heime ringde ei veninne frå Bergen, så det blei ein lang prat før vi åt.
Til middag hadde vi kald, kokt makrell. Vi hadde kokt den før vi for nedover, så det var berre å sette på potetene. Vi brukar å ha lettrømme til, men ein av fiskekameratane til Nils tipsa oss om pepperrotkrem på tube, så i dag vart det litt meir avansert. Blanda rømmen med pepperrotkrem, sitron og sukker, og vi syntest det blei godt. Litt agurk hadde vi også attåt.
Åt truleg litt for mykje, men det er vel siste gong i år vi har denne retten. Blei fryktelig søvnig etterpå, heldt ut utan å slokne på sofaen- men det var nære på!
Naboen er snart ferdig med hageprosjektet sitt, og så skal vi halde fram eit stykke bortover vår tomt - vi treng litt tid til å planlegge prosjektet før vi set i gang.
No skal vi i alle fall slappe av og halde helg. Sjølv om det høljar ned ute no, så blir det kanskje sol i morgon.
Bilda: Amfi er påbygt i alle retningar, utan at det har blitt særlig mykje vakrare av det.Men mykje større har det blitt.
Dei gule potentillabuskane dannar grense mot naboen. Steinen har lagt der frå børjan av, men høver godt som bytestein. Og bytesteinar skal ein ikkje flytte på, for då risikerer ein å bli ein Deildegast etter sin død -og ikkje få fred i grava før steinen er tilbake på plass - alt i følge den norske folketrua. Ordet gast kjem av det tyske ordet Geist, som tyder ånd.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...