Klokka har passert 20.00, temperaturen er + 16 grader og det har vore fint arbeidsver i dag. Overskya, men god temperatur. Akkurat no kom det litt regn.
Før middag vaska eg til helga pluss diverse anna husarbeid. Nils var på Jysk og henta heim madrasser til kjellarleilegheita. Til middag i dag vart det spekemat, kan ikkje ete fisk kvar dag heller.
På ettermiddagen hengde vi oss på naboens hageprosjekt, så no blir det å legge duken bortover til oss. Eit lite stykke til å begynne med. Det er no vi damene som planlegg prosjektet-og det er ikkje så stort for vår del.
No har Nils vore bort på terminalen og fiska meir makrell, så det blir nok både til oss og naboane. Han fekk større fisk denne gongen. Denne gongen skal den kokast og etast kald.
Eg hadde lyst å gå og sjå Kon-Tiki - filmen i kveld, men Nils ville ikkje, for han har sett ein Kon-Tiki-film før. Eg gad ikkje å gå åleine. Det kjem vel fleire sjansar.
Vil ønske alle lesarane ei god helg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
4 kommentarer:
Nei har han sett den som fekk Oskar (?), så vil han vel bli skuffa no ;-)
Flott regnboge. Venninna mi seier at der er alltid to og dei er speilvende. Det hadde ikkje eg tenkt på før.
Flott regnbogebilete!
Ingrid Langdal sitt var betre.
Flott bilde av den doble regnboga!
Legg inn en kommentar