Klokka er 21.00, temperaturen er +10 grader og det er overskya, men opphaldsver. Slik har veret vore i heile dag, men det ser ut til at skydekket lettar på seg. I dag var det skikkelig kaldt ute, så eg har valt å vere inne.Nils fyrer i omnen så vi slepp å fryse.
Før middag rydda eg litt i huset, så hjelpte eg Nils litt med å lage brennsnut (betasuppe). Dessutan gjorde eg unna litt kontorarbeid. Elles har eg lese ganske mykje i ei nokså teit bok, men eg hadde ikkje noko anna. Trudde ikkje den var så lang, men etter at eg har lese 6 plater, oppdaga eg at der er like mange att. Men eg har litt problem med å legge bort halvlesne bøker.
Viss det blir bra ver i morgon, skal eg begynne på hageprosjektet mitt, men viss det er veldig fint, kan det hende vi finn på noko anna.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar