mandag, august 27, 2012

Vêrmelding 27. august - 2012

Klokka har nyss slått sju slag, og det minkar på denne dagen også. Då eg stod opp i dag skein sola frå skyfri himmel, men det var kaldt i lufta. Vi har hatt ein nydelig dag, men no er himmelen dekt av lette skyer. Temperaturen er + 15  grader C. Og i morgon er det meldt regn. Vi får liksom berre ein fineversdag om gongen.
Nils for på sjøen i 6-tida i dag, og kom att i 9-tida med passelig mykje sei. Ikkje kjekt når det blir for mykje om gongen. Middagen i dag blei kokt småsei.
Eg jobba ute i hagen heile føremiddagen utan at det blir så stort resultat, eg må berre finne meg i at ryggen ikkje strekk til. Naboen har fullført eit stort prosjekt. Dei har spada vekk torva, lagt på duk og bork på området frå garasjen til vegen. Vis skal ikkje gå så drastisk til verks, men litt duk og bork blir det her også, med tid og stunder. Så snart ein set i gang med LITT hagearbeid, har det tendens til å balle på seg.
Midt oppi fisk og hagearbeid, ringde varmepumpemannen og ville kome og ta sørvis på varmepumpene og det gjorde han.
Endelig fekk vi ete middag, og i dag hadde vi behov for å kvile etterpå. Det blei middagslur i sola på altanen, og eg vakna heilt i ørska av varme.
Fekk mail frå kinosjefen i dag, han vil sette opp Kon-Tiki på Dagkino neste veke. Det vi før kalla Seniorkino, har no skifta namn til  DAGKINO. Alle som har høve til det er velkomne. Og no har eg nokon å gå i lag med om ikkje Nils vil vere med.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

I kveld kom Svein frå sjøen med 5 store, fine seiar + +, så i morgon blir det filetering m.m. Det går ikkje så fort med oss som med storfiskaren i Ørsta. Her har det vore "Dag-kino" heile tida, så det gjekk ei stund før eg skjøna at det var "Seniorkino".

Besta sa...

Dagkino og Seniorkino-det er vel berre namnet som skiljer. Det er for dei som er fri på dagtid. Det eg set pris på er at dei dempar lyden, for det eg voldsomme egffektar på filmar no for tida. Kjekt at Svein får fisk, det er nok med 5 om gongen når det skal vidareforedlast. Nils fiskar meir enn vi kan ete sjølve, men så gir han bort til naboar, og vi får alltid noko att.....!