torsdag, august 16, 2012

Vêrmelding 16.august - 2012

Klokka er snart halv tid og ein nydelig dag er til ende. I dag vakna vi til sol frå klår himmel, og det har sannelig ikkje hendt ofte denne sommaren. No ser at det dreg seg til med skyer frå sør, så det er ikkje sikkert morgondagen blir like fin. Temperaturen ute er no +17 grader C, før i dag var den oppe i +26 grader, minst.
Var ute og styra litt i hagen  før eg gjorde meg klar til å gå på møte klokka 12.00. Det var styremøte i pensjonistlaget.Litt surt å sitte inne i to timar midt på finaste dagen, men må ein, så må ein.
Då vi hadde ete middag, låg vi ute på altanen og sola oss-og sjølvsagt somna eg !
Eg har gjort minimalt av husarbeid desse dagane, ville helst nytt kvar ein einaste lite stråle av sol. Nils forkynner no at det er meldt styrtregn på laurdag, så då får eg vere inne og vaske og støvsuge.
Nils måtte fare over plenane i dag også, for det låg så mykje gras att.
Denne buska heiter Forest fire. Der er ikkje blomster på den, men dei nye blada er raude før dei går over til lysegrønt og ti slutt grønt. Den er ganske fin.På bildet ser eg at einkvan(eg) skulle ha rive bort graset rundt.

1 kommentar:

solveig sa...

Flott busk og nydeleg lilje!