lørdag, august 18, 2012

Vêrmelding 18.august - 2012

Klokka er snart halv elleve og fotballkampen er enno ikkje slutt. Vi tok ein pause og åt kveldsmat. Elles er det Nils som ser fotball-eg les lydbok.Trur eg har råka bort i ein "bestseller" eller i beste fall ein "pageturner." Det vil tida vise.
Brått kom eg på at eg ikkje har skrive på bloggen i dag, så her er eg med dagens "vêrmelding".
Ute er det for mørkt til å ta bilde, og regnet silar ned. Overskya har det vore heile dagen, men det har vore opplett og til dels sol også. No er temperaturen + 17 grader ute.
I dag måtte vi proviantere, for første gong etter at vi kom heim. Vi skulle på apoteket også, så det blei Amfi. Der trefte vi mange kjende som vi måtte prate med, det er alltid kjekt. Så gjekk vi inn på den nye Coop Extra butikken, som held til i dei lokala som før var Coop Mega. Kva  er skilnaden ? Ferskvareavdelinga er avvikla, der er betre orden og prisane skal visst vere litt lågare. Brukte lang tid på å finne varene i dag.
Den nye Bunnprisbutikken gikk vi rett forbi. Av prinsipp vil eg ikkje handle på søndagsopne butikkar.Så får vi sjå kor lenge eg held på det prinsippet. Eg kan jo komme i ein nødssituasjon.
Så hadde vi sjølvsagt gløymt å kjøpe brød, så vi måtte innom "nærbutikken" vår, Kiwi, på heimvegen og handle litt der også. Skulle gjerne handla alt der, om butikken hadde vore litt meir tiltalande. Finaste matbutikken er nok Spar, der vi handla før, men på Amfi får vi liksom alt vi treng.....Men kan nokon svare meg på kvifor ikkje vaniljekremen kan stå i lag med vaniljesausen? Både eg og mange med meg leitar ofte etter vaniljekremen-og det gjeld alle butikkar. Men no har eg lært at vaniljekremen står i lag med bakevarene.
NO VANN HØDD- og Einar er der for Vikebladet, om eg ikkje tek feil. 

3 kommentarer:

solveig sa...

Ja, han er der! Det med vaniljekremen har eg og plagast med - og hjelpt andre å finne. Det manglar logikk!

Hildegard sa...

Gratulerer Hødd! Vi såg eit glimt av Einar m/caps nede til venstre på skjermen då kampen var slutt.Vi sat og venta på western-filmen "Kruttrøyk" frå 1953, så det var heilt tilfeldig at vi fekk med oss straffe-konkurransen. Svein fortel at Audie Murphy, som har hovedrolla i filmen, var ein høgt dekorert am. soldat frå 2.verdskrig.

Besta sa...

Oi, Nils sat og såg heile kampen, men Såg ikkje Einar.
Nils vil aldri sjå filmar(nesten aldri) så dei ser eg åleine. I går såg eg ein boksefilm på NRK 1 med Clint Eastwood, den blei ikkje så interessant før mot slutten.Nils er ikkje oppvaksen med film slik som vi som budde eit steinkast frå Valhall i vår barndom. Hugsar Audie Murphy og alle andre stjerner frå 50-60 talet. Er ikkje så oppdatert no.