Klokka er 17.00 og temperaturen er +17 grader C. Det er faktisk veldig behagelig temperatur ute når det er stilt. Då vi stod opp i dag, rakk skodda heilt ned, og eg tenkte med gru på dei som skulle bestige Saudehornet i dag. Ikkje berre på grunn av skodda, der ligg også mykje snø.Det kan eg aldri hugse at det har vore før om åra.Etter kvart har det blitt lettare ver, men sola har vi ikkje sett enno.
Nils tok opp båten i dag, og no skal den vaskast og stellast. Mens han henta den, vaska eg litt i kjellaren. Seinare reiste vi til Volda og handla på Møre konf. til halv pris. Litt irriterande å sjå kleda som eg kjøpte tidlig i sommar til halv pris, men så fekk eg sikra meg både bluse og genser til ein rimelig penge.Så då går det opp i opp. Då vi kom heim fann vi Besøkspusen vår i ei plastkasse der det låg noko sildegarn, han er mykje tammare enn Advokatten var.
Det blei sein middag i dag, men vi hadde deilig steikt pir, eller spir som både Nils og eg kallar det. Dei brukar ikkje det namnet her i Ørsta.
Eg er ikkje heilt restituert etter sprøtebehandlinga i går, men det kjem seg vel etter kvart.Inntil vidare går eg her og haltar og har sitteproblem.
I dag er det 21 år sidan mamma døde, derfor tenkjer eg litt ekstra på henne i dag. Og eg hugsar dei dagane eg var hos henne rett før. Då var det fryktelig varmt ! Slik det ofte var i august før i tida.
Her er mamma mellom meg og besta. Eg var 21 år på dette bildet, mamma 57 år og Besta 82 år.No er det eg som har Besta sin plass i familien vår. Vemodig.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...

3 kommentarer:
Men så er det no 10 år til du vert 82;-)
Ja, og takk for det. Dessutan er ikkje folk så GAMLE når dei er gamle i vår tid.
Koseleg bilete! Eg hugsar godt Amanda, ho var eit eineståande menneske, og ho og foreldra mine hadde det beste forholdet. Ja, det er mykje som er vemodig! Men når ein har gode minner, er det ein rikdom i seg sjølv.
Legg inn en kommentar