onsdag, august 01, 2012

Bok nr.38 -- 2012: Naiv Super


Naiv. Super

Erlend Loe skriv ikkje heilt alminnelige bøker. Han er heilt unik, og når han les dei sjølv blir det ei skikkelig fin leseoppleving. Eg har lese fleire av bøkene hans, og likt dei fleste.
Denne boka blei eg heilt betatt av.Og så er den på berre 3 CD-plater,akkurat høvelig langt for denne fortellinga.
"Jeg-fortellaren" er 25 år gammal, har god utdanning, er intelligent, men har liksom ikkje taket på livet sitt. Han har to venner , ein god og ein dårlig, og etter kvart blir han kjent med Børre, ein liten gut.Og så skaffar han seg eit bankebrett, som han bankar og bankar på når tankane blir for vanskelige. 
Fortellaren grublar over mangt og mykje, mellom anna Universet, tida, Einsteins relativitetsteori og mykje anna. Han lagar seg lister over både det eine og det andre for å prøve å skape orden. Og alt dette blir framstilt i eit veldig barnslig språk.
Det kan virke litt søkt, det heile, det er berre det at ein kjenner seg sjølv att i denne personen, det han tenker på er ikkje så ulikt det vi alle grundar på innimellom.
Alle som les denne boka vil tolke den på sin måte, eg hadde stor sans for den. Mykje bra humor er her også. Anbefalt!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...