mandag, august 06, 2012

Vêrmelding 6. august - 2012

Klokka er 20.00 - kvar vert dagane av? I dag har det vore ganske bra ver med skyer og sol, men no kryp den evinnelige skodda nedover fjellsidene igjen. Temperaturen er + 16 grader C.
I dag for vi til Vik relativt tidlig, for eg skulle kjøpe nokre småting, men butikkane eg skulle handle på var stengde. Ja, ja, vi rekk no  Smamvirkelaget på Gol, det er fast stopplass på turen til Kongsberg. Landets stillaste kjøpesenter plar eg seie.
Margrete skulle til Ørsta i dag, og derfor bad eg henne på middag. Laga ballj, for ein gongs skuld. Og eg åt meg så mett at eg tvilar på om eg nokon gong vert svolten igjen. Måtte legge meg rett ut på altanen då gjesten var reist.
Elles har eg vaska litt klede, stroke, og pakka det meste av det eg eig og har i ein koffert. Om nokre dagar blir det å pakke ut att og henge på plass dei same kleda. Ubrukte. 
Har hatt besøk av naboen som skal passe huset og blomstrane mens vi er vekke.
Nils styrer med sitt, vaskar bil, fyller bensin og pakkar. Han gikk til det store steget å kjøpe seg nye ute/inne sko i dag. Dei gamle var totalt utslitne. Men flaks for han, så fekk han same sorten igjen.
No må eg rydde litt her og der, og pakke ferdig før eg kan slappe av igjen.Det er eit år sidan sist vi var austover, så det er ikkje kvar dag vi selar på. Reknar med å vere tilgjengelig på nettet der nede også.
I dag er det 6.august, og tankane går mellom anna til bombinga av Hiroshima i 1945.Det må vel vere den verste terrorhandlinga i historia? Og ikkje nok med det-nokre få dagar etter bomba dei også Nagasaki. Heilt utan grunn. Forstå det dei som kan. Vi får berre håpe at ikkje noko liknande skjer igjen.

3 kommentarer:

Elin sa...

Så kjekt det blir med ein tur austover. Har du peøvd polet på Gol? Ikkje så verst det heller. Her har vore ein flott dag, har vore på Traudalsrur, ete masse blåbær, og fått stripa håret, så no ser eg ikkje så sjuk ut lenger... Unnskyld skrivefeila, det er denne ipaden.

solveig sa...

De får ha god tur og helse austlendingane! Vi har hatt fint ver i dag. Eg vart litt solbrent på skuldrane, altså har eg arbeidd litt i hagen. (Dei late vert solbrende på brystet i følgje ei venninne av meg).

Margrete Trovåg sa...

Det vart ein veldig daff kveld på meg her i huset. Usannsynleg god middag!