torsdag, mai 08, 2014

Dagbok 2014: 8.mai

Klokka er 19.00, temperaturen ute er + 13 grader C, vi har nyss fått litt vårlig regn, men no er det opplett igjen.
Nils jobba ute heile føremiddagen. Vi driv og ryddar rundt dørene og pyntar opp etter vinteren. Eg rydda og støvsuga inne før eg gikk ut.
Men i dag måtte vi på butikken og handle igjen, hadde ei heller lang liste liggande på kjøkkenbenken i tillegg til rabattkupongar frå Coop. Kan ikkje forstå kvar det vert av alt som vi dreg heim-vi er no berre to for det meste.
Var innom biblio og leverte eit par bøker, og der kom sjefen med ei ny lydbok som dei nettopp hadde fått inn, Tom Egelands "Den trettende disippel".Den fekk bli med heim. Og så fekk vi endelig levert sommargardinene på renseriet, dei skulle no vore opphengde for lengst, eigentlig.
Då vi kom heim vart eg sittande å strikke og rippe før eg laga middag. Men først skrev eg referat frå styremøtet på mandag. Menyen i dag var brun lapskaus av dei siste restane av lammesteikene. Eg hadde skore kjøtet frå beina , så det var berre å ta ein pose lapskausblandin+ saus+ kjøtt+ litt ekstra potet og gulrot, så hadde vi ein stor porsjon brun lapskaus. Mi erfaring er at ein bør bruke restane først best, dei er ikkje så fristande etter eit halvt år i frysaren. Lapskausen vart god den!
Då vi fekk lagt inn fiberkabel frå Tussa for tre år sidan, hadde dei som la inn ledningane gjort eit dårlig arbeid. Vi har klaga på det fleire gonger, men i går skreiv Nils ein litt småsur mail til Tussa, og i dag kom dei. To unge menn i kvar sin bil. Dei la inn ny kabel og lova at no skulle alt bli så mykje betre. Etter målingane deira hadde vi berre halv effekt. Så no skal vi få hurtigare og betre signal. Vi har både TV, data og telefon på samme fiberkabel, så det kan bli store endringar.
I dag fekk eg ei hyggelig melding frå Kulturhussjefen, som bur rett over gata; eg hadde vunne to gratis billettar til teaterforestillinga på sundag klokka 18.00. Eg hadde berre trykt "liker" på FB.
Ute surrar det i plenklipparar, og eg kjenner at øyrene mine må ha ein liten pause før MGP i kveld.
I dag var det mange som hadde heist flagget her i Ørsta, sjølve hadde vi ikkje tenkt så langt. Kva gong eg ser flagga vaie på denne datoen hugsar eg 8.mai 1945 då vi stod ved flaggstonga i Innvik og heiste flagget. Det var første gongen eg såg det norske flagget og eg var 5 år gammal.
I morgon skal vi på "Bakk-Ola-maraton". Vi skal gå rundt husa på Bakk-Ola, eller kanskje den lange løypa til Rådhuset, over Simahaugen og tilbake til Bakk-Ola. Vi seniorane markerer nemlig "Verdens aktivitetsdag" dagen før dagen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...