Klokka er snart 19.00. Ute er det fullstendig grått og regnfullt, så dette vart ein innedag. Temperaturen er + 9 grader C. Det betyr ikkje så mykje for oss, men for barn, ungdom og alle korpsmusikantar sin del, håper eg vêret blir betre på 17.mai.
I dag var Nils tidlig oppe, for han og Mathias skulle ut og fiske. Då er stod opp i 8-tida var han alt komen heim. Det var litt meir "ruskut å leggja utpå " enn dei trudde, så dei vende nasen heim att. Mathias og kona, Jorunn, skal vere forsongarar på allsongstunda på Bakk-Ola i morgon, så ingen vart arbeidslause.
Eg hadde no tenkt meg ein liten slyngardag etter all vaskinga, og no vart det høve til det. Var ikkje særlig sprek då eg stod opp, men jammen kom eg meg til att etter kort tid. Det var meir enn eg forventa.
Vi handla først litt på Amfi, og så reiste vi til Volda. Eg kjøpte meg ein topp på Møre konfeksjon som eg skal ha attåt den beige buksa mi, så har eg eit nytt antrekk i alle fall. Har mykje klede hengande, men litt nytt må til. Etterpå åt vi lunsj/middag på kinarestauranten, men i dag var eg ikkje så begeistra for retten eg valde. "Kylling Chop Suey" var ei bleik oppleving.
Då vi kom heim koka vi kaffi og så fann eg sofaen med lydbok på øyret. måtte lese om att heile plata, for det meste hadde gått inn eine øyret og ut det andre.Var innom biblioteket og lånte to nye bøker i dag som eg har rippa inn på maskina mens eg strikka på ein lest og høyrde om att sofaplata.
No vil Nils ha mat, så då vil eg ha også..
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...

-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar