Klokka er 19.15, temperaturen ute er +14 grader , det er skodde og litt regn av og til. Eg må sjå ut glaset for å sjå vêret for i dag har eg ikkje vore ute for ei dør.
Eg er ikkje blitt betre av forkjølinga, snarare tvert imot. Naboen, Solveig, har vore forkjøla lenger enn eg , og Solveig på Hareid er også småsjuk. No er det ikkje så farlig om ein pensjonist blir litt utafor nokre dagar, men ein vert litt lei likevel.
Eg sov heldigvis godt sist natt, for det første eg måtte ta tak i etter frokost, var referatskriving. Det gikk litt treigare enn vanlig i dag, og då eg først var komen godt i gang ringde ei veninne og vi prata aldri så lenge, heilt til eg begynte å hoste......
Blei ferdig med skriveria før lunsj, og så las eg korrektur og sende innlegget til avisa litt seinare. I mellomtida fekk eg støvsuga til helga, mens Nils var på butikken.
Til middag i dag vart det steikt småsei, og appetitten er det ikkje noko i vegen med. Dessverre.
Etter middag låg eg på sofaen og las ferdig boka mi. Så dagen i dag har vore relativt udramatisk, som de forstår.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Akkurat no; klokka er 19.57, temperaturen på trappa er + 13graderC og det regnar litt, ikkje så sommarleg akkurat. Når eg tenkjer på alle d...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar