mandag, mars 08, 2010

Vermelding 8.mars 2010.

Klokka er 13.20, temperaturen er + 5 grader C og det regnar.Det er vel dette som må til for å få bort snøen, men trivelig er det ikkje.Og uansett blir det lenge før våre snøklokker kjem fram.

I dag på kvinnedagen har besten av-isa ein frysar, mens eg har laga eit par kaker -som skal frysast.Noko feiring av kvinnedagen blir det ikkje her i huset, men eg let tankane gå til kvinner rundt om i verda som ikkje er så priviligerte som eg.
Elles har no Nils hatt tid å skumme VG og fått vite kva Yssen meiner om kvinnerolla.
Les her

2 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Gratulerer så mykje med det nye barnebarnet. Han såg flott ut! Eg har vore litt sløv med å kommentere og lage innlegg i det siste. I dag har eg fri. Men ikkje akkurat fri likevel. Sit heime og skriv elevkommentarar. Skal i bursdag til Ingrid i kveld.

Besta sa...

Då må helse bursdagsbarnet og gratulere frå oss også. Skreiv ein gratulasjon på "Slekt-sida" men veit ikkje om den kom fram-

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...