Klokka er no 17.24, temperaturen ute er +15 graderC, og det er nokså overskya -og eg er glad for både skyer og regn og den låge temperaturen. Eg har nettopp sett på TV og høyrt dei snakke om skogbrannar og voldsomme hetebølger osv. Då vart eg glad for at det ikkje er slik her, sjølvsagt kan ein ønske seg sol og sommar, men med måte.
Eg kan seie at eg har hatt ein kjedeleg dag, har gått her åleine og ikkje gjort så mykje. Men eg har valt det sjølv! Det var sjølvsagt litt av kvart eg skulle ha gjort, men eg få gjere det i morgon.Kanskje.
Det var langt ut på ettermiddagen før eg kom på å gjere noko ute. Det hadde regna så eg trudde ikkje eg kunne bruke klipparen, så eg jobba for hand i staden, rydda og klipte etc. her og der. Det beste med ein hage er at ein aldri blir arbeidslaus-om ein ikkje vil. Det er visst opplett no, men det har kome nokre byger i dag.
I dag var eg så god i føtene at eg lurte på å gå på Fonnvernet. Det blei ikkje i dag, men eg har håp om at det kan bli ein gong. Eg har vore låk i føtene lenge, men kanskje det kjem seg?
Dagane og vekene fer så fort forbi, og i morgon er det laurdag igjen. Då må eg ein tur på butikken, og kanskje kjem det nokon på besøk. Det er aldri godt å vite.
I dag har det hendt veldig lite , så eg har lite å skrive om.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar