Klokka er 21.30.Temperaturen er + 15 grader og sola skin på Melle.Det er fotball på TV men Charlie og eg har vore på datarommet, høyrt lydbok og strikka. Ja, strikkinga er det no eg som har stått for. Han har roa seg veldig godt, og er snill og veldig fredelig.
Vi har ikkje gjort særleg mykje i dag. Eg var litt låk både her og der etter hagearbeidet i går, men er betre no.
Mykje av dagen har eg lege på altanen med lydbok. Elles har eg gjort litt husarbeid-det mest nødvendige.
Vi sat nede på plenen ei god stund og prata med leigebuarane, dei blir stadig flinkare i norsk, så då er det meir vi kan snakke om. Særleg med henne-ho kan meir norsk enn han.
Vi tenkte vi skulle vore ein tur på butikken, men fann ut at vi kunne tære på overskotslageret vårt.Så det vart karbonade med løk etc.
Eg er ferdig med den svenske krimboka, som slutta med ein cliffhanger, så no gjeld det å få tak i bok nr.2. I mellomtida har eg ei nordnorsk krim å "kose" meg med. Håper alle har ei triveleg helg i det fine vêret.
Fekk melding frå Rasmus, dei er framleis i Tyskland.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar