søndag, juni 28, 2015

Dagbok 2015: 28.juni

Klokka er ca 19.30. Det er overskya opphaldsvêr og 16,5 grader. Vêret er slett ikkje verst, men eg har ikkje kome meg ut for ei dør-enno. Nils er borte på terminalen for å fiske frå land., men kjem vel snart att. Reknar med det blir litt fotball i kveld også.(No høyrer eg bilen !)
Eg har vore litt sløv i dag. Har site mykje og strikka med lydbok på datamaskina. Eg les krim frå Tromsø, og opplesaren, Nils Johnsen, les så bra på tromsødialekt at eg har begynt å tenke på nordnorsk.
Når det gjeld strikking så går det berre i lestar her, Solveig står for den meir avanserte strikkekunsten. Eg trøstar meg med at eg har strikka mykje eg også -men det var før.
Til middag i dag vart det spaghetti og kjøttsaus. Det er så rart med det, når ein har strålande vêr eit par dagar blir ein litt slapp når det skyar over igjen. Slik er det i alle fall med meg. Så det blir litt labert både med mat og anna.
No er Rasmus og familien langt sør i TYskland, ein stad som heiter Kitzingen, det er i rett linje sørover frå Hamburg -ikkje veit eg kvar vegen går vidare, men han sender melding for kvar ny stoppestad.
Margrete og ungane var innom og henta Charlie i går kveld, saknar han litt, men vi vil ikkje ha hund sjølve no.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...