lørdag, juni 20, 2015

Dagbok 2015: 20.juni


I dag har Margrete fødselsdag, heile 47år har det gått sidan ho kom til verda på sjukehuset på Eid. Ho vart døypt i kyrkja på Eid, berre tre veker gammal, før vi reiste heim att til Melle. I tillegg til alle bilda eg har liggande på data, har eg mange store,tjukke albun, men veldig få bilde frå då ungane var små. Vi kjøpte oss ikkje fotoapparat før etter at Margrete var fødd, og den tida gjekk det mykje i dias.
Både Solveig og Margrete jobba hos fotograf Lystad i feriar og på laurdagar, og Solveig hadde ei tid mørkerom i kjellaren her i Starevegen. Eg trur desse bilda er frå den tida, sidan dei er i svart/kvitt.
Då Margrete vart konfirmert i 1983 var det berre ein ting ho ville kjøpe for pengane, og det var ein hund. Og Old English Sheepdog skulle det vere, slik som hunden på TV. Og hunden skulle heite Nadja. Alt var bestemt, og hunden vart bestilt og  henta på Vanse på Lista. Margrete og Nils hadde ein bra tur for å hente hunden heim. Når eg dreg fram desse minna no, er det fordi Margrete i fjor skaffa seg ein ny hund, denne gongen ein som ho både kan løfte og bere.Charlie heiter han. (Nadja vog 40 kilo på det tyngste).Kjolen som Margrete har på nedste bilde var blå, hugsar eg, og den blei kjøpt til overhøyringsdagen før konfirmasjonen. På konfirmasjonssøndagen hadde ho sognebunad.(Den gongen eg vart konfirmert fekk vi berre ein kjole, og den hadde vi under den kvite kappa på konfirmasjonsdagen. Vi var den første gruppa som hadde kappe på Eid, dei som var konfirmert året før, hadde side kvite kjolar.)
Så sant det er mulig er Margrete ute og går tur i skog og fjell og Charlie er med.
Ho er på tur i dag også, så vidt eg veit. Vi gratulerer med dagen !
------------------------------------------------------------------------
Klokka er 20.00 og temperaturen + 16 grader. Det har vore ein nydelig dag, med temperatur opp i +20, minst. Før middag skein sola, men så skya det over.
Vi har ikkje vore ute av tunet i dag. Vi har styrt litt i hagen, og eg har lese ut krimboka mi mens eg strikka. Eg har ikkje sove middag verken inne eller ute, blir ikkje så trøtt i fint vêr. Nils har ordna med linene sine, klipt litt gras etc. Kort sagt ein veldig avslappa dag i nr.7.


1 kommentar:

arieldog sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.