søndag, juni 21, 2015

Dagbok 2015: 21.juni

Herfrå kan ein sjå Hovdevatnet til høgre og Voldsfjorden- og Ørstafjorden sjølvsagt.


Klokka er ca 19.30, temperaturen er + 20 grader ute. I dag har det vore strålande vêr heilt frå morgon til kveld, hugsar ikkje kva tid sist det hende.
Dessverre har ikkje eg vore like strålande. Etter fleire dagar med fin form, hadde eg vondt både her og der då eg vakna i dag, og eg har måtta ta ganske mykje smertestillande. Litt surt etter at eg trudde at NO var eg bra. Men når ein aldri lærer at ein ikkje skal bøye seg og luke ugras t.d. får ein berre ta det som kjem.
Uansett så vart det ein liten tur til Hovdevatnet før middag; eg hadde ikkje med meg kamera, så det vart berre eit mobilbilde. Eg kan aldri hugse at det har vore så mykje snø i fjella ved jonsok-tid nokon gong før.For dei som ikkje er så godt kjende kan eg opplyse at "sukkertoppen" heilt til høgre i bildet er fjellet  som er nærmast oss.
Då vi kom heim koka Nils lange til middag, mens eg prata med Marit.
Etter middag la eg meg ut på solsenga med lydbok, mens Nils gikk ein tur opp i fjellsida på skogsvegane. Bilda tok han ikkje i dag men sist fredag då han gjekk same turen. Det er mange år sidan eg var så høgt oppe.


Eg måtte berre ta eit bilde frå altanen. Det er leigebuarane som luftar potteplantane sine. Det er kanskje slik dei gjer det i Litauen?
Nils ser fotball på TV, det er ei interesse eg ikkje deler med han. Elles så kan eg fortelle at Rasmus og familien er komne til Danmark, der dei etter kvart skal ende opp i Legoland.



Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...