onsdag, juni 17, 2015

Dagbok 2015: 17.juni

Klokka er snart halv sju, vêret er overskya og grått, det regnar litt innimellom og temperaturen er + 14 grader C.
Vi har nettopp ete middag og Nils slappar av i reclineren. I dag har han vore kokk og kokt lange + potet og gulrot.
I dag kom eg meg ikkje til med noko fornuftig på føremiddagen, men sette i alle fall ein brøddeig før eg begynte å lese lydbok- mens eg løyste Soduko.
Til lunsj vart det nysteikt brød i dag.
Så ville Nils klippe plen igjen, i dag med oppsamlar.Hen gjødsla med kalksalpeter etterpå og no får han regn på den, og akkurat det er bra. Mens han dreiv på ute , tok eg og støvsuga alle teppegolva, så no er eg ferdig med reingjeringa for denne veka.
Nils hadde eigentlig tenkt seg ut og sette liner i dag, men så vart det for mykje vind. Eg har knapt vore ut for døra.
Slik går no dagane og vekene, utan at sommaren kjem. Det er litt deprimerande å ikkje få vere ute etter ein slik vinter som vi hadde, det er visst det våtaste halvåret nokon gong, det vi har no.Og det finst dårleg vêr, ikkje berre dårlege klær, uansett kva dei seier. No skal vi snart ha oss litt kaffi. Håper den kurerer litt GRUFF.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...