onsdag, juni 10, 2015

Dagbok 2015: 10.juni

Klokka er 18.00, temperaturen ute er + 11 grader. Det regnar og det har det gjort utan stopp i heile dag.
Hadde ikkje så store planar for dagen, men enda mindre blei det. Ingen ting av nytteverdi har eg gjort i dag! Men så verker eg heller ikkje. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko.
Eg hadde faktisk tenkt å støvsuge i dag, men då likar eg best å vere her åleine. I dag hadde Nils avtale med ei forsikringsdame som skulle kome klokka 13.00.Og ho kom.Så no har ho omvendt Nils til å flytte og utvide alle forsikringane sine, med unntak av forsikringa på bilen. Dette er noko eg ikkje blandar meg borti, så eg sette meg inn på "rommet mitt" og las.
Elles har eg site mykje på FB og det trur eg andre har gjort også, for eg har hatt jobb med å slette og slette. Det er fælt kor mykje reklame av ymse slag som kjem innpå. Eg finn nesten ikkje att statusane til vennane mine.
Til middag hadde vi fiskekaker som Nils fiska opp frå frysaren. Relativt enkel middag !
Etter middag la eg meg på sofaen for å høyre lydbok, men det vart berre surr, for eg somna og drøymde og dikta, så alt må høyrast om att. Men først skal eg lese ferdig papirboka mi. Då må eg stå ved kjøkkenbenken mens eg les, sidan det er problem  med å sitte. Prøvde å strikke litt.........
Det er sikkert mykje lurt å finne på når vi har slike våte dagar, men arbeidslysta manglar. Dessutan må eg vel snart forstå at eg ikkje greier så mykje som før, og leve derretter. Trøsta er at Nils ikkje har gjort noko, han heller. No kom Jørn innom. Han har tatt fagbrev i dag, med beste karakter.
For å seie noko positivt om vêret, så slepp vi i alle fall å vatne.

Ingen kommentarer: