fredag, juni 12, 2015

Dagbok 2015: 12.juni

Klokka har passert 18.00, temperaturen ute er + 10 grader og det er skodde og regn.
Var nettopp ein tur inn på FB, og der kan eg lese om sol og sommar andre stader i landet.Ja,ja, sommaren kjem vel hit ein gong også. Litt merkelig med fullt oppeståande tulipanar i hagen i juni. Men det er ikkje det verste.
I dag hadde eg time på Smerteklinikken i Volda klokka10.00. Paradoksalt nok var eg friskare enn vanleg, men tenkte det var best å nytte seg av tilbodet likevel. Hadde vekkarklokka på 8.00, men vakna lenge før det.
Det var altfor tidleg til at vi var frista til å ete lunsj i Volda i dag, etter at eg hadde fått sprøytene mine, så vi reiste heim på Amfi.
Det var ikkje mykje vi skulle ha, men vi trefte litt folk. Mellom anna møtte eg ei eldre dame eg kjenner, eg hadde dotter hennar som elev for lenge sidan. I dag var ho på shopping med eit barnebarn. Dama er svært oppegåande til tross for sine 93 år.(Ikkje til å tru) Eg spurde om ho også var odemor, og det var ho."Eg er tipp-oldemor også", kviskra ho. Ho plar vere på kvart møte i pensjonistlaget. Somme er jammen heldige som får ha helsa i så høg alder.
Vi hadde kjøpt ein bra porsjon med svinekotelettar i dag, så då vi kom heim, steikte eg opp alle, først på panna og så i omnen. Det er ikkje så ofte vi har kjøt til middag, men det er no godt av og til. Der låg to kotelettar att då vi hadde ete.
I dag måtte vi kvile middag. Eg har litt vondt etter sprøytene, og så var vi trøtte. Eg somna på sofaen og sov skikkelig lenge.
Eg hadde lyst å stikke oppom plantasjen i dag, for vi må nok supplere med litt av kvart i hagen, men kven skal orke å stå ute og grave i jorda i dette vêret?
Olaug jr. køyrde opp til sertifikat i dag, så no har også ho lappen. Eirik har vore på sin første langtur i lag med kameratar . Dei var til Oslo på Foo Fighters -konsert.
Vi trefte Knut Ose på Amfi i dag. Han har vore lærar i musikkskulen i 40 år. Han skrytte av Erlend sine prestasjonar på slagverk. Ikkje det instrumentet som er lettast for oss "ikkjeforståsegpåarar" å bedømme. Det er lettare å merke om nokon slår feil på pianotangentane.Kjekt å ta imot skryt av barnebarna.
Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god helg. Det er godt for dei som jobbar i skulen-og for elevane  -at stresset minkar.
(Eg driv og les på ein sørstatsroman som er sånn passe festleg.Og så strikkar eg litt innimellom.)

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...