Klokka er 21, temperqturen er + 12 grader C. Ja, vi får vere glade så lenge det er +- grader, for jammen er det kald vind til å vere midtsommar.
Det blir korte innlegg for tida, det er fordi det ikkje skjer så mykje. Eg har t.d. ikkje vore på Amfi sidan fredag for ei veke sidan. I kveld tok vi ein liten tur nedom nærbutikken og handla mat, då slapp vi å kle oss om. På nær-Kiwi kan eg gå i joggebukse og crox akkurat som heime.
I dag reiste Nils og Hassan på sjøen for å fiske makrell, men dei fekk ikkje sorten. Mens dei fiska fekk eg støvsugd alle teppegolva, så no er "helgavasken" i boks.
Vi laga oss karbonadesmørbrød til lunsj/middag, kan ikkje ete digre middagar kvar dag.
Elles har Nils klipt litt plen og eg har rydda litt i hagen. Dessutan har eg strikka og høyrt lydbok. Og sånn går no dagane..........
Dessutan fekk eg att 2703,- kr att på skatten.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar