tirsdag, juni 30, 2015

Dagbok 2015: 30.juni

Rhododendronen fekk den "rette" fargen til slutt.

Klokka er 21.40. Temperaturen ute er + 15 grader og det duskregnar. Tidlegare i dag hadde vi deilig vêr; det var rett nokoverskya, men temperaturen var oppe i 20 grader og det var opplett. Heilt greitt vêr å vere ute i. Eg hadde litt arbeidslyst før middag, så eg stot storopprydding og grundig vask av kjøleskapet, og så sette eg ein brøddeig. Mens brøda stod til etterheving skulle eg strikke litt. Hadde knapt strikka ei maske så fekk vi uventa og hyggelig besøk av Solveig og Olaug frå Hareid, dei var i Ørsta på shopping. Dei hadde med seg kake, og eg hadde litt att av prisessekaka, så det vart "lunsjen" i dag. Etter at dei hadde reist og eg hadde rydda opp litt, gjekk eg ut og hjelpte Nils med slåtten. Han slo med klipparen og oppsamlar, og eg for rundt med kantklipparen. Vi har to kantklipparar, ein med batteri og ein med ledning. Den med ledning og sen er den absolutt beste, så sant eg ikkje får trøbbel ned sena, og i dag var han i storslag. Vi vart nesten ferdige, men sette att noko til i morgon sidan vi visstnok skal få fint vêr då også.
Det var på tide å lage middag, i dag vart det heimelaga fiskepudding i kvit saus. No har vi ikkje meir fiskepudding i frysaren.
I morgon kjem Eirik og skal vere med Nils ut og fiske om alt går etter planen.Nils har tenkt at dei skal sette ut line blant anna.
Rasmus sender meldingar kvar dag, no er dei komne til ein stad som heiter Seiser alm. Dei er på veg til Italia, så dei er vel oppe i Alpane.

Gullbusken, som vi fekk til gullbryllaupet, fekk ein liten frostskade i vår; det vart kaldt etter at vi hadde sett den ut.( Den overvintrar i vaskekjellaren.) No er den på god veg til å komme seg att.

Så har vi tatt kvelden, og hage-croxane er vaska og klar til ny dyst.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...