Klokka slår sju (19) i dette sekund. Ute er det + 10-11 grader C og det har sila ned frå himmelen i heile dag. Himmelen er ei Sarepta krukke.
Eg har ikkje vore ute for ei dør, men Nils har vore på Sæbø på politisk debatt i heile ettermiddag. Det var meininga at eg skulle vere med, men då vi såg vêret, fann vi ut at det var best eg heldt meg heime. Vi var ikkje sikre på om det skulle vere ute eller inne heller. Det var i eit telt, så det var betre at eg vart att heime og passa på helsa mi. Eg har alltid noko å styre med, strikketøy,kryssord etc. og ikkje minst lydbok, så timane gjekk fort.
Då Nils kom heim steikte eg lysing (kolkjeft) -remulade hadde eg laga før middag, og no har vi hatt eit herremåltid. Om fisken er det å seie at den var god, men dei kolkjeftane vi har hatt før har vore mindre, og dei var best. Dei store fiskane vert ofte litt "grovare" i konsistensen.
No sit vi med kaffikoppen, og Nils har funne ein fotballkamp på TV. Så får vi håpe at vêret blir betre i morgon. Som pensjonistar kan vi nyte alle fine dagar. Skulle ønske vi kunne ta ut hagemøblane snart.
I dag kan vi gratulere Arild med 53-årsdagen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 25.april i dag.
Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
2 kommentarer:
Trudde vi skulle få litt sol i dag ...
Det var fint då vi stod opp, men det varde ikkje så lenge.
Legg inn en kommentar