søndag, mars 27, 2016
Dagbok 2016: 27.mars
Klokka har passert 18.30, temperaturen er + 8,5 og det har nyss regna. I dag før middag bles det kraftig og sola var framme rett som det var. Eg trudde det skulle bli ein fin dag. Nils var ute og spada i snøen, men eg heldt meg inne. Var litt "ute av tida" i dag, og føremiddagen var veldig kort. Såg litt TV, og vaska litt klede. Fekk dukane ut i den friske vinden, men no er dei vel våte igjen.
Dagen blei veldig kort.Saka er at eg la meg på sofaen etter at vi hadde ete middag. Hadde vondt i hofta og tenkte det skulle hjelpe å strekke ut. Det gjorde det for såvidt. Eg låg og las i lydboka, men aberet er at eg har dikta det meste sjølv, så eg må nok lese det meste om att. I boka som eg "las" mens eg låg på sofaen var mykje av handlinga lagt til "Ålfothuset" på Eid. Det blir vel mykje TV resten av kvelden. Heilt greitt for meg. Elles har vinden og mildvêret gjort at mykje snø har smelta, så no kan eg snart begynne å leite etter snøklokker og krokus.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 5,oktober
Klokka er blitt halv seks på ettermiddagen og eg forstår ikkje kvar tida har gått, eg har stort sett site i ein stol framfor TV-en og strik...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar