Klokka er ca 18.00. Temperaturen ute er +5 grader C, og det er regn og skodde.No ligg skodda heilt ned på jorda. Truleg er det giktvêr, for i dag har eg verkt både i hofta og foten. Eg har vore bra lenge no, og full av arbeidslyst, men i dag har det vore ein laber innsats frå mi side. No held vi på å lage litt middag, etter at vi var ein liten tur nedover på biblio og Kiwi.
Nils tek seg ein og annan raptusen og grev i snøen for at den skal smelte fortare, og om det enno er mykje att, så går det rette vegen.
Eg har styrt med klesvask og stryking blant anna, og så har eg pynta litt til påske. Kjekt med litt gult ein kort periode. Elles skal eg innrømme at eg vart liggande på sofaen ei god stund med lydboka mi-i håp om å bli litt betre.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar